Tørketrommel

Kvam Kraftverk har i samarbeid med kommunikasjonsverksemda Bukken og illustratøren Tord Torpe laga ein kampanje:

Takk for straumen!

 

Me ynskjer med denne kampanjen å minna folk på kor mykje enklare, meir behageleg, tryggare og lysare livet er med straum. Straum er i dag ein sjølvfølgje for dei aller fleste, og dei færraste tenkjer på alle dei gongane i løpet av dagen ein nyttar straum.  

Me ynskjer å informera litt om kva aktivitetar som gjev utslag på straumfakturaen, og har laga nokre enkle reknestykker til kvar annonse. I reknestykka er 1 kr nytta som pris pr kWh, dette inkluderer nettleige, kraft og alle avgifter

Det kostar om lag 5 kroner å tørka kle i tørketrommelen. Brukar du trommelen 3 gonger i veka heile året, vert kostnaden med straum til trommelen 780 kr.