Telttur

Kvam Kraftverk har i samarbeid med kommunikasjonsverksemda Bukken og illustratøren Tord Torpe laga ein kampanje:

Takk for straumen!

 

Me ynskjer med denne kampanjen å minna folk på kor mykje enklare, meir behageleg, tryggare og lysare livet er med straum. Straum er i dag ein sjølvfølgje for dei aller fleste, og dei færraste tenkjer på alle dei gongane i løpet av dagen ein nyttar straum.  

Me ynskjer å informera litt om kva aktivitetar som gjev utslag på straumfakturaen, og har laga nokre enkle reknestykker til kvar annonse. I reknestykka er 1 kr nytta som pris pr kWh, dette inkluderer nettleige, kraft og alle avgifter

Lading av nettbrett kostar om lag 1,5 øre for ei lading, dersom nettbrettet vert lada ein gong kvar dag, vert kostnaden i løået av eit år 5,5 kr.