God Jul

Kvam Kraftverk har i samarbeid med kommunikasjonsverksemda Bukken og illustratøren Tord Torpe laga ein kampanje:

Takk for straumen!

 

Me ynskjer med denne kampanjen å minna folk på kor mykje enklare, meir behageleg, tryggare og lysare livet er med straum. Straum er i dag ein sjølvfølgje for dei aller fleste, og dei færraste tenkjer på alle dei gongane i løpet av dagen ein nyttar straum.  

Me ynskjer å informera litt om kva aktivitetar som gjev utslag på straumfakturaen, og har laga nokre enkle reknestykker til kvar annonse. I reknestykka er 1 kr nytta som pris pr kWh, dette inkluderer nettleige, kraft og alle avgifter

For ei hyggjeleg Julefeiring er det greit å ha tilgang på straum.

Oppvarming er det som trekkjer mest straum, dersom ein nyttar elektrisitet til dette. Ein panelomn som står på eit døgn kostar 20 kr. Har ein fire panelomnar på i 14 dagar, vert kostnaden 1120 kr. Her har me rekna ganske enkelt, og teke utgangspunkt i at omnane trekkjer 1000W og at dei ikkje har termostat. Det vil vera stor skilnad frå hus til hus kor mykje straum som trengs for å halda ein fin innetemeratur, men utgifter til oppvarming står for ca 70-80 % av straumrekningen.

Varmt Vatn er og ein av dei tinga som brukar ein del straum. Om lag 10 % av totalforbruket i ein hushaldning vert nytta til oppvarming av vatn. Å dusje i 10 min kostar 6,50 kr.

Julebelysning kostar derimot lite, i alle fall om ein vel LED. Ei lyslenke på 20 meter som står på 12 timar kvar dag i 4 veker kostar 10 kroner i straumforbruk.