Stryking

Kvam Kraftverk har i samarbeid med kommunikasjonsverksemda Bukken og illustratøren Tord Torpe laga ein kampanje:

Takk for straumen!

 

Me ynskjer med denne kampanjen å minna folk på kor mykje enklare, meir behageleg, tryggare og lysare livet er med straum. Straum er i dag ein sjølvfølgje for dei aller fleste, og dei færraste tenkjer på alle dei gongane i løpet av dagen ein nyttar straum.  

Me ynskjer å informera litt om kva aktivitetar som gjev utslag på straumfakturaen, og har laga nokre enkle reknestykker til kvar annonse. I reknestykka er 1 kr nytta som pris pr kWh, dette inkluderer nettleige, kraft og alle avgifter.

Fyrste annonsa viser ein familie som har hoppa over strykinga til 17.mai. Å stryka ein bunadane til ein familie tek kanskje 2 timar. Straumforbruket til dette kostar omlag 4 kroner.

Kva kostar straumforbruket til ei 17.mai feiring? 

Stryking av bunad og flagg    4 kr

Dusj 4 personar a 10 min  24 kr

Nysteikte rundstykker og kaffi til 17.mai frukosten 2 kr

Varme pølser   50 øre

Kald drikke   20 øre

Is      20 øre