Norgespris

Norgespris er regjeringa sitt forslag til alternativ straumstøtte. Regjeringa vil tilby kundar som ynskjer det fastpris på 50 øre/kWh. Norgespris skal bestillast hjå Elhub.

Bestill Norgespris her: elhub.no

Nøkkelfakta:

  • Du beheld straumavtalen din hjå oss

  • Norgespris er ei statleg støtteordning, eit alternativ til dagens strømstøtteordning

  • Norgespris gjeld både hytter og hus, i motsetning til straumstøtteordninga som kun gjeld hus

  • Norgespris kan bestillast frå 1.oktober og vil då gjelda ut 2026. Dette er ikkje ein bestillingsfrist. Du kan bestilla når som helst mellom 1. oktober 2025 og ut 31. desember 2026.

  • Meir informasjon om Norgespris finn de på elhub.no og Nve.no

  • Norgespris vert handtert av netteigar på samme måte som straumstøtta me har hatt dei siste åra. Du vert fakturert for straumavtalen du har med oss og netteigar gjev frådrag eller tillegg for Norgespris på nettleigekravet.

Kontaktinfo

Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod:

Tlf. 56 55 33 10

firmapost@kvam-kraftverk.no

Kva vil prisen bli?

Me har laga nokre eksempel på korleis straumrekninga ville sett ut med dagens straumstøtte, med Norgespris og utan straumstøtte for åra 2023, 2024 og 1. halvår i 2025. Me har sett på to ulike hus, eit med eit årsforbruk på 11 000 kWh og eit med forbruk på 25 000 kWh.

Om Norgespris vil lønna seg eller ikkje, avhenger av kva spotprisen på straum vert.

Forbruk på 11 000 kWh

Tilsvarar leilegheit eller lite hus med 2 vaksne bebuarar.

Grafen under viser korleis straumfakturaen ville sett ut:
1) med dagens straumstøtte
2) med Norgespris
3) utan straumstøtte

Berekninga er gjort for åra 2023, 2024 og første halvår 2025.

Forbruk 11 000 kWh

Grafen er interaktiv og viser kroner per år på venstre side. Trykk på grafen for å sjå detaljar.

Forbruk på 25 000 kWh

Tilsvarar stort hus med ein del elektrisk oppvarming, elbillading og 4 bebuarar

Grafen under viser korleis straumfakturaen ville sett ut:
1) med dagens straumstøtte
2) med Norgespris
3) utan straumstøtte

Berekninga er gjort for åra 2023, 2024 og første halvår 2025.

Forbruk 25 000 kWh

Grafen er interaktiv og viser kroner per år på venstre side. Trykk på grafen for å sjå detaljar.

Vanlege spørsmål om Norgespris

Merk: Mange detaljar rundt ordninga er fortsatt uklare, vi oppdaterer denne sida etter kvart.