Kraftmarknaden
I Norden har me ein felles kraftmarknad. Prisen i denne marknaden vert avgjordt av tilbod og etterspørsel. Er det mykje kraft tilgjengeleg, vert prisen låg. Tilsvarande vil høg etterspørsel føra til at prisen stig.
Mange faktorar er med på påverka kraftprisane i Norden. Ettersom store delar av den nordiske kraftmarknaden vert forsynt av vannkraft, vil nedbørsmengd påverka prisane ganske mykje. Mange kraftverk i Norden har ikkje eller har begrensa med kapasitet i vannmagasina sine og må produsera kraft når det er store nedbørsmengder, dette gjev ofte låge prisar.
Noreg er knytta opp mot den europeiske kraftmarknaden, og prisane på olje, kol, kjernekraft og gass er med på å påvirka etterspørselen etter vannkraft. Me ser og at generelle sammfunnsøkonomiske svingingar som opp- og nedgangstider verkar inn på kraftforbruket. Dersom du ynskjer meir informasjon om kraftmarknaden, sjå statkraft sine heimesider.
Meir informasjon om kraftprisar finn du på Nordpool. Her finn du dagens spotprisar. Trykk på NOK så får du prisen i norske kroner. Flyttar du komma ein plass mot venstre får du prisen i øre/kWh.