Kraftavtalar

 

Fast pris

 

Inngår du ein fastprisavtale, bind du deg til å betala ein fast kraftpris i ein gitt periode. Vi tilbyr bindingstid på 1, 2 eller 3 år. Kraftprisen vert fastsatt ut frå "framtidsprisane" på kraftbøsen NordPool. Prisane på NordPool endrar seg kvar dag, gjeldande prisar for Kvam Kraftverk AS finn du her.

 

 

Standard variabel tariff

 

Standard variabel tariff tar utgangspunkt i markadsprisen på kraft og følger svingingane i marknaden. Marknadsprisen beveger seg i periodar raskt opp og ned. Prisen på standard variabel tariff vert endra med 14 dagars varsel, og vil dermed gje mjukare prissvingingar. Prisendringar vert varsla på heimesidene våre og i Hordaland Folkeblad, i tillegg kan dei som ynskjer det få prisvarsling på epost eller SMS. Logg inn på Mi side og legg inn ynskje om prisvarsling der.

Vi har konkurransedyktige prisar, og er normal blant dei 8 rimelegaste leverandørane i vårt distrikt.

 

Marknadskraft

 

Markedskraft består av vår innkjøpspris, pluss eit påslag på 1,75 øre/kWh og eit fastbeløp på kr. 10,- pr mnd.

Vi handlar inn kraft gjennom kraftbørsen NordPool, prisen er timebasert og varierer i takt med tilbod og etterspurnad. Ved avrekninga til hushaldningar, hytter o.l. vert gjennomsnittet av desse timeprisane i månaden nytta. Dagens prisar på Nordpool. Trykk på NOK for å få prisar oppgjevne i kr/MWh, flyttar du komma ein plass mot venstre, får du prisar i øre/kWh.

Skriv ut  
 

Standard variabel tariff - Marknadskraft

 

Over ser de ei samanlikning av avtalane standard variabel tariff og marknadskraft for fyrste halvår i 2009.

Skriv ut  

Marknadsansvarleg

Arne Berge

Dir. tlf: 56 55 33 20

arne.berge(a)kvam-kraftverk.no

Sentralbord: 56553300 | Telefaks: 56553301 | Vakttelefon: 56553333 | E-post:firmapost@kvam-kraftverk.no

Logg inn  |  Du er her: Startside  »  Kraftavtalar