Nettleigeprisar

 

 

 Last ned nettleigeprisane som pdf.

 

Print  
 

Tariffhefte

 

NETTLEIGETARIFFAR OG PRISAR FOR KVAM KRAFTVERK AS FRÅ 01.01. 2012.

Forbruksavgifta er 11,39 øre pr. kWh ekskl. mva. og er knytt til nettleiga.

Meirverdiavgifta er 25% på alle ledd.

 

Fellesvilkår
Elektrisk energi vert levert i samsvar med desse tariffvilkåra og gjeldande leveringsvilkår/ kontraktar ved Kvam Kraftverk AS.
Alle nye anlegg og utviding av kortslutnings-/overbelastningsvern skal førehandsmeldast av godkjent elektroentreprenør og godkjennast av Kvam Kraftverk AS før arbeidet startar.
Abbonnement kan tingast skriftleg eller munnleg etter avtale med Kvam Kraftverk AS. Nettkunde som seier opp abonnementet for kortare tid enn eit (1) år, vert avrekna for opningsgebyr når anlegget vert tilkopla att.

Dersom det ved uttak over 50 kVA er meir reaktiv effekt enn 50 % av den aktive effekt som vert teke ut samtidig (effektfaktor under 0,9), kan kraftverket krevja:

1.         At abonnenten betrar effektfaktoren, eller
2.         at abonnenten betalar tilleggsavgift for det uttak av reaktiv effekt.

            For reaktiv effekt vert i så fall å betala kr. 200,00 ekskl. m.v.a. pr. kVA pr. år.

Straumforbruket er delt i nett/nettleige og kraft/kraftpris. Kundar som kjøper kraft frå annan leverandør får avrekning av krafta frå denne.

Straumleveringa vert normalt avrekna annankva månad i etterkant av registrert forbruk slik:
Forbruk for januar og februar vert avrekna pr 1.mars. Vidare avrekningsdatoar vert då 1. mai, 1. juli, 1. september, 1. november og 1. januar. Betalingsfrist vert 15. i etterfølgjande månad.

Næringar med forbruk over 100 000 kWh/år vert normalt avrekna månadleg, med 14 dagars betalingsfrist.

Det vert rekna rente på for seint betalte rekningar i samsvar med morarentelova.
Ved inkasso kan det verta rekna gebyr i samsvar med inkassolova.
Rette verneting i tvistesaker er Kvam Forliksråd og Hardanger heradsrett.

Anleggstilskot
Eingongskostnad, ved tilkopling av nye anlegg eller ved utviding av eksisterande anlegg, vert utrekna i samsvar med «Vilkår for tilknyting m.v.» og NVE sine retningsliner. I hovedsak tyder dette at anleggstilskot vert kravd med utgangspunkt i anleggskostnaden.
Kvam Kraftverk AS avgjer om straumframføringa vert i luft eller jord, art, dimensjon m.v.
Ved avtale om annan framføring må byggherre betala meirkostnaden.

Energirådgjeving
1,0 øre/kWh av nettleiga skal gå til ENOVA som er eit statleg energirådgjevingsselskap.
ENOVA kan gje tilskot til utredningar og tiltak med føremål å redusera energiforbruket.
Nærare informasjon og råd kan ein få på internett: www.enova.no, eller ved å ringja 80049003 for hushaldningar og 08049 for næringar.
 

Print  
 

Nettariffar for hushaldning

Det er ein føresetnad at tariffen skal nyttast i familiebustader, hyblar, gardsbruk, aldersbustader, herbyrge, internat m.m.  Tariffen er ikkje for institusjonar som omfattar anna verksemd enn hushald og gardsbruk. Nettleigeprisane er delt i vinter og sommarprisar. Sommarprisane gjeld i tida 01.03.- 01.11.

1. Tariff N4
Tariffen skal nyttast til hushaldningar, jordbruk m.v.
Føresetnaden er at anlegget ikkje har større hovedsikringar enn 80 A. Ved inntil 125 A gjeld N4T

Nettleige (N4) Fastbeløp 1320,- kr/år 
Inkl. avg. 1650,- kr/år
  Energipris vinter 17,81 øre/kWh Inkl avg. 36,50 øre/kWh
  Energipris sommar 15,81 øre/kWh Inkl. avg.34,00 øre/kWh

 

2. Tariff N4B
Tariffen skal nyttast til hytter og fritidshus.

 Nettleige (N4B)  Fastbeløp 1600,- kr/år  Inkl. avg. 2000,- kr/år
   Energipris vinter  17,81 øre/kWh  Inkl avg. 36,50 øre/kWh
   Energipris sommar  15,81 øre/kWh  Inkl. avg. 34,00 øre/kWh


4. Tariff N8
Tariffen vart oppretta i 1976 for abonnement til gardsmotorar m.v. med lite forbruk.
Det er ikkje høve til å tinga tariffen for ettertida.

Nettleige (N8) Fastbeløp 500,- kr/år Inkl. avg. 625,- kr/år
  Energipris 96,0 øre/kWh Inkl. avg 120,0 øre/kWh


Vegljoslampar

Effekt- og energiavgift blir å rekna etter prisane for tariff N4, men utan fastbeløp.  Brukstid for lampar med fotocelle er 4.000 kWh pr. kW pr. år.  Brukstid for lampar utan fotocelle er 8.760 kWh pr. år.

Mellombels anlegg (Byggjestraum)

Straum levert over byggjeplasskap ved bygging og mellombels bruk.  Oppsetjing og nedtaking av skap, kr. 1440,- (kr. 1800,- inkl. mva). Byggjeplasskap m.v. blir å rekna etter tariff  N4T (sjå neste side). Tilleggskostnad for leige av skåp er kr. 60,- (kr. 75 inkl. mva.) pr. påbyrja veke.

Print  
 

Nettariffar for næringar

Det er ein føresetnad at tariffen skal kunna nyttast for handverk, industri, kontor, forretningar, hotell, skular, andre private og offentlege administrasjons- og institusjonsbygningar og andre anlegg som ikkje vert dekka av hushaldningstariffar. Prisane er ekskl. forbruksavgift og mva.

Forbruksavgift lovdata: Produksjonsverksemder innanfor næringskode 10-37 kan ha rett til redusert avgift. Dette må søkjast om på fastlagt skjema saman med dokumentasjon av næringskode frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Skjema kan ein få ved å venda seg til Kvam Kraftverk, eller lasta det ned frå nettsida.

1. Tariff NE
Dette er standardtariff for større verksemder m.v. med hovudsikring over 125 Amp. Tariffen er kvantumsdifferensiert i 4 trinn på effektuttak: Under 50 kW, 50 - 100 kW, 100 - 200 kW og over 200 kW.

Uttak i kW    <50 50-100 100-200 >200
Nettleige (NE) Fastbeløp kr. år  5000,-  5000,- 5000,-  5000,-
Vinter Effektpris kr. kW.mnd 46,00 40,00 34,00 28,00
Sommar Effektpris kr. kW.mnd 36,00 30,00 24,00 20,00
  Energipris (øre/kWh) Vinter 9,35 Sommar 7,25


Effektutrekning nettleige
Større verksemder m.v. har måleutstyr også for effekt (kW). Utstyret registrerer medelutaket i kvar time. Høgaste timeverdi i kvar månad  vert lagt til grunn ved den månadlege avrekninga.

2. Tariff N4T
Tariffen skal nyttast for mindre verksemder m.v. Max hovudsikring er 125 Amp.

Nettleige (N4T) Fastbeløp 1760,- kr/år
  Energipris vinter 17,81 øre/kWh
  Energipris sommar 15,81 øre/kWh


Skifte av kraftleverandør
Skifte av kraftleverandør er gratis. Melding om skifte vert sendt av den nye kraftleverandøren til Kvam Kraftverk AS som netteigar. 7 virkedagar etter motteken melding kan skifte skje dersom ein ikkje har avtale med noverande kraftleverandør om bindingstid. På konkurransetilsynet sine heimesider finn de ovesikt over leverandørar som leverer kraft i Kvam Kraftverk sitt nettområde.
Nettleige vert normalt avrekna frå netteigar uavhengig av kraftleverandør. Der Kvam Kraftverk både er kraftleverandør og netteigar vert kraft eg nettleige avrekna på same faktura.

Stengje- og opningsgebyr
Stengjegebyr vert avrekna etter faktiske kostnader.
Opningsgebyr er kr. 1100,- inkl. m.v.a. Opning av stengte anlegg vert normalt ikkje utført utanom arbeidstid, men dersom dette er aktuelt kjem det ein tilleggskostnad på kr. 1100,-.

 

 

Print  
Sentralbord: 56553300 | Telefaks: 56553301 | Vakttelefon: 56553333 | E-post:firmapost@kvam-kraftverk.no

Login  |  Du er her: Startside  »  Kundeservice  »  Nettleigeprisar