Bestill abbonement for nettleige

 

Flyttar du inn på ny adresse i Kvam, må du bestilla nettleige hjå Kvam Kraftverk AS.

Nettleiga er den delen av rekninga di som dekkar kostnaden vi har med utbyggjing, drift og vedlikehald av nettet. I tilegg kjem kostnader vi vert avrekna for frå det landsomfattande nettet som forsyner oss. Måling av forbruk, avrekning, eltilsyn m.v. høyrer og med i nettleiga. Noregs vassdrags- og energidirektorat fastset størrelsen på nettleiga hjå Kvam Kraftverk AS og andre nettselskap. Om lag halvparten av nettleiga er offentlega avgifter vi er pålagt å kreva inn på vegne av staten. For ein hushaldning med eit forbruk på 20 000 kWh årleg, vil nettleiga utgjera omlag kr. 8 800,- årleg. Nettleiga inneheld fastledd og variabelt ledd som skal dekkja kostnadane til Kvam Kraftverk AS, i tilegg kjem elavgift, enovaavgift og meirverdiavgift som vi krev inn for staten.

Nettleigeprisane er delt inn i fire kundegrupper: Hushaldningar, hytter/fritidshus, små og store næringar.


Skjema for bestilling av abbonement for nettleige finn du her.

I tilegg lyt du bestilla ein kraftleveringsavtale hjå ein kraftleverandør. Du finn ein oversikt over alle kraftleverandørane i vårt nettområde under Kundeservice i menyen over. Dersom du ikkje har ein kraftleveringsavtale er Kvam Kraftverk AS som netteigar pliktig å levera deg kraft, du vil då få ventetariff. Du finn meir informasjon om ventetariff under straumtilknyting i menyen.

Print  
Sentralbord

Opningstid 07:30 - 15:00
 

Tlf: 56 55 33 00

firmapost(a)kvam-kraftverk.no
 
 

Sentralbord: 56553300 | Telefaks: 56553301 | Vakttelefon: 56553333 | E-post:firmapost@kvam-kraftverk.no

Login  |  Du er her: Startside  »  Kundeservice  »  Bestill abb. for nettleige