Kvam Kraftverk AS har to kraftverk, eit på Kaldestad i Norheimsund og eit på Fosse i Strandebarm. Dei to kraftverka produserer i eit normalår omlag 50 GWh, det tilsvarar omlag 35% av den krafta som vert brukt i Kvam Kraftverk AS sitt nett i løpet av eit år.
Vasskraft er ei miljøvenleg og fornybar energikjelde. 99 prosent av all kraftproduksjon i Noreg kjem frå vasskraft. På verdensbasis utgjer vasskrafta rundt ein sjettedel av den totale kraftproduksjonen. Prinsippet for vasskraft er enkelt, å utnytta energien i rennande vatn. Vatnet vert førd ned mot kraftstasjonen, der det driv ein turbin. Ein generator omdannar den mekaniske energien frå turbinen til elektrisk energi som vert sendt ut i linjenettet.